Sommartreff Dag1
Sommartreff Dag1
Sommartreff
I år som i fjor så hadde me ordna det så me skulle vera med på sommartreffet til den Svenske Tysk Jaktterrier klubben som i år skulle vera langt nere i skåne. Og som i fjor så starta me turen med hi-campen på elverum. Planen var å stilla Chica på Onsdagsprøven her, men ho rota sånn på trening på mandagen så eg trakk henne fra prøven. Hadde det ikkje vert for at eg skulle gå som dommarelev på prøven så hadde eg sikkert stilt så allikavel, men no hadde eg jo nok å ta meg til på prøven. På onsdag etter prøven så lasta me opp og satte nasen mot Sverige, Jan Inge var og med og planen var å kjøra så langt som mulig slik at vi kom fram i god tid til å koma i orden før treninga starta på torsdagen, me sku jo stilla alle hundane på prøve på Fredag.
Kom til Skövde første kvelden og la oss inn på ein camping her og var rundt 30mil igjen til dagen etter, Jan Inge ville kjøra litt til og sjå om han fant ei hytte eller hotell, men endte opp med at dei kjørte heilt fram og sov i bilen fram til campingen opna.
Me ankommer campingen rundt kl 12 og får satt opp campingvogna og handla litt så me har til middag og sånt. Ser ganske fort at treffet ikkje er på samme nivå som i fjor. Nå er me spredd over to campinger, og det er 3mil til hiet så det blir mykje reising att og fram og lite av det samholdet som var i fjor.
Plassen der hi-treninga og prøvane foregår finner eg ikkje på GPS'en men dette hadde eg heldigvis sjekka før eg reiste så eg hadde funne koordinatane via google earth og fekk tasta desse inn og så bar det av gårde til treninga. Det var langt å kjøra på smale veier gjennom skogen, og tils slutt så ville gps'n ha oss inn på ein liten smal grusvei. No begynte eg virkelig å tvila på om me skulle finna fram, i fjor var jo alle veikryss merka så det skulle vera enkelt å finna fram, eg hadde jo venta da same i år men hadde so langt ikkje sett noken skilt. Etter 2,5km på denne smale grusveien så vil gps'n gjennom ei grind og ut på et jorde, eg ser på kartet at det skal vera noken veier litt lenger framme som går i den retningen så kjører fram for å prøva ein av dei. Men då er me framme på hiet.
Sidan Chana har løpetid så er ho siste som får starta på trening så det er bare å setta seg å venta, Jan Inge får kjørt igjennom sine og eg får ein runde på Chica som gjere da bedre i dag. Men får veta at ho ikkje kan starta på prøven på fredag sidan det er 12mnd grense på å starta på hiprøve i sverige og ho vert ikkje 12mnd før på Laurdag. Så får flytta ho over til sondagsprøven. Får endelig kommet til med Chana også og me reiser tilbake til campingen, først blir det ein tur opp til andre campingen for å ordne prøvepapir og betaling, før me får ordna oss middag.