Finland
Finland
Published on August 16th, 2011 @ 18:21:06 , using 863 words, 555 views
Ja da var vi tilbake etter ein vellykka tur til Finland. Vart mykje kjøring for ein liten prøve, nesten 380 mil, men me haldt dagsetappana på rundt 50 mil og leigde hytter underveis å det vart ikke så ille.
Første målet var Karungi rett nord for Haparanda i Sverige, og me kom her utpå kvelden på Onsdagen, og det vart stor jubel hos jentene når de såg at det var do og dusj i hytta. Her vart me fram til Fredag for å slappa av litt og la hundane akklimatisera seg. Torsdag formiddag kom Jan_inge også etter å ha kjørt i eit sidan kvelden før.
Hadde ein fin tur ute med hundane langs elva på morgonen, møtte ein stor røyskatt i ura på elvekanten. Eg såg den sat på ein stein litt lenger framme og såg på oss. Viste den ikkje til hundane men tenkte dei skulle få finna han sjølv. Tok fort sporet når me kom der og fant til slutt ein stein han hadd sett seg innunder, mens dei dreiv der og prøvde å finna han så kjeme røyskatten ut under ein annan stein bak dei og sit og ser på dei ei stund. Når dei trekker mot der han sitter no så forsvinner han. Dette gjentar seg fleire ganger.
Torsdags kveden er me oppe hos Anita og får ein flott laksemiddag, men blir ein tidlig kveld på oss da me skal prøve å nå treninga i Finland på fredagen.
Kjem oss av gårde på morgonen og fyrste stopp er rett over grensa for å få tatt ut euro, så kjører me til Oulu og har ein handle/matpause der. Leita ei stund for å prøve å finne ein butikk som solgte ammunisjon då Jan Inge trong kuler til jakta, men måtte gje opp dette tilslutt da me begynte å få dårlig tid.
Første stopp var Muhos der me hadde bestilt hytte så me fekk sjekka inn der, før me fortsatte til der hileiren var i Utajärvi.
Treninga skulle starte her kl 15 og me er litt forsinka og kjem ikkje her før rundt 15:30 men det skulle visa seg å vera god tid, ikkje var hiet bygd enda og verken rev eller trener var på plass. Så nerme kl 18 slapp me til og fekk trent, var ikkje så mykje å trena på da det bare var tomt hi men de lerte nå i alle fall korleis hiet var noke som var godt for tomgrytsverifikasjonen seinare på kvelden.
Så var det igjen å sitta og venta på at dommaren skulle komma, når kl nerma seg 20 var han endelig på plass og me kunne starta, tyskerane våre skulle alle starta på såkalt A prøve så me var sist inn. Men alle skulle fyrst igjennom den såkalte tomgrytsverifikasjonen, ein måte å sjekka ærligheten på hunden på. Dei jagde fyrst ein rev igjennom hiet så det skulle lukta der og så slapp dei inn hundane. Hunden skulle søka igjennom hiet og vera stille underveis, jo fleire nålauge dei tok jo bedre karakter. Her var bare ein hund som strauk, det var ein dachs som nekta å gå inn.
På sjølve prøven så vart det stengt for hunden så snart den kom igjennom fyrsta nålauga og så hadde den 20 minutt på seg. Var mangen av B-hundane som brukte heile tida si der inne uten å gjera noke skikkelig angrep. Men endelig når det nerma seg Midnatt så var det tyskerane sin tur til å få vist seg.
Først var det Jerri sin tur og eg gjekk og henta Chana og gjorde meg klar da eg antok at det ville gå fort, og måtte ikke vente så lenge før en smilende Jan-Inge kom forbi hjørnet så det var tydelig at det hadde gått veien. Eg blir kalt fram med Chana og setter henne eit par meter fra inngangen, så snart eg får lov å sleppa raser ho inn gjennom nålauga og det blir stengt bak henne. Hun kommer til sandvollen og søker tilbake i den tomme delen av hiet, men da der ikkje er noken annen vei inn så grev ho seg raskt igjennom sanden og fram til reven. Så snat ho har begynt å losa på reven blir denne slept vidare og han går opp til venstre til siste boksen snur og går tilbake til midterste boksen og gjere seg klar for hunden der. No opnar dei for Chana ho springer fort opp i fyrsta krysset, en liten pause for å finna ut kva vei reven har gått så er ho på vei mot reven. No går alt svært fort, det smeller i to plater der han prøver å stoppa Chana før ho kjem til reven, luker blir åpna og hunden tatt ut og sett over, reven hadde gått ut og mødt henne men ho pressa han raskt tilbake og vidare i hiet. Total tid i hiet under eit minutt, tid fra det åpna gitteret til prøven vart avbrutt 7 sekund og toppscore.
Totalt på de fire tyskerane me stilte med så vart det tre med 50 poeng og ein med 49poeng, alle godt godkjent og fire nye nordiske jaktchampionar er i boks.
Laurdag morgon tar me litt bilder før me pakkar saman og tar fatt på den lange vegen heim.